Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flyktningdag og pilgrimsvandring

Torsdag 20. juni 2019 er det FN sin Internasjonale Flyktningdag. Kyrkja i Øvre Telemark markerer denne dagen med ei pilegrimsvandring i Seljord.

"Å gå gjev von. Går ein, vil ein leve. Går ein, er det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå".

Tal frå FN fortel at 65 millionar er frå flukt. Dei fleste i nærmiljø og granneland. Kyrkja i Øvre Telemark  vil i år markere FNs Internasjonale Flyktningdag med ei pilegrimsvandring i Seljord. Dette er tredje året me markerer dagen med pilegrimsvandring. Tidlegare har me gått til Røldal kyrkje og Nes kyrkje i Sauherad.  

Pilegrim er noko dei fleste religionar har felles. Det handlar om at bryte opp for å finne noko betre. Ei slik vandringa endrar ikkje situasjonen for verdas flykningar, men det gjer kan hende noko oss som går! 

Programmet for dagen ser slik ut:
Kl. 11.00: Frammøte ved Frivilligsentralen i Seljord
Vandring mot Seljord kyrkja der me et nista vår
Om lag kl. 13 Avslutning i Seljord kyrkje, der organist Keith  Griggs spelar for oss.             

Initiativtakarar er diakonane i Øvre Telemark
Silje Sjøtveit, Diakon i Tinn
Ivar Solbu, Diakon i Sauherad
Svanhild Rui Gustavsen, diakon i Seljord og Hjartdal
Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk