Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 28.08.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Ronde Schade Tone Bøhn

Barnehage

Seljord kommune har fire kommunale barnehagar, to i sentrum, Tussejuv og Heddeli, i tillegg Flatdal barnehage og Åmotsdal barnehage.

Barnehagane er opne frå kl 07.30 - 16.30 fem dagar i veka.

Barnehagane er stengt tre veker på sommaren, veke 29, 30 og 31 ( nytt frå sommaren 2018), i tillegg er dei stengt i romjola og 5 planleggingsdagar i løpet av året.

Søknadsfrist for å søke om ny barnehageplass eller endring av plass ved hovudopptaket er 1.mars.

Sandkasseleik
  • Barnehageplass

  • Dagmamma - godkjenning

    Generelt

    Dersom du ønskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og tilbyr opphaldstid på ti timar eller meir, må du ha godkjenning av kommunen.
    Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til

    • utforminga og innretninga av lokala
    • moglegheiter for aktivitet og kvile
    • reingjering og vedlikehald
    • inneklima

    Kriterium

    • Tre eller fleire born
    • Opphaldstida er minst ti timar i veka
    • Verksemda er regelmessig
    • Det blir tatt betalt for tilsynet

    Ta kontakt med kommunen for å få informasjon om korleis du skal søkje.

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg og gjere vedtak. Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send til Fylkesmannen.

    Dersom du ønskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og kvar veke tilby opphaldstid på ti timar eller meir regelmessig, må du ha godkjenning av kommunen.

    Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til

    • utforminga og innretninga av lokala 
    • moglegheiter for aktivitet og kvile 
    • reingjering og vedlikehald 
    • inneklima

    Målgruppe

    Personar som ønskjer å starte dagmammaverksemd

    Vilkår

    • Det skal vere tre eller fleire born (inkludert eventuelle eigne born) 
    • Opphaldstida er ti timar eller meir i veka
    • Verksemda er regelmessig
    • Det blir tatt betalt for tilsynet

     

    Brosjyrer

    Partnarar

    Foreldre som ønskjer dagmamma for sitt barn, har nytte av å vite om ei aktuell dagmamma er godkjend av kommunen og eventuelt vere pådrivar for å framskaffe ei slik godkjenning.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Ronde SchadeKommunalsjef35 06 51 0535 06 51 10Send Epost

    Kontaktavdeling

    Undervisningssektoren

    LederRonde Schade
    Postadresse3840 SELJORD
    Besøksadresse3840 SELJORD

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon om korleis du skal søkje om godkjenning. Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing for korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.

    Søknadmottakar

    Post Seljord
    Brøløsvegen 13 A
    3840 Seljord

     

    Behandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

    Høve til å klage

    Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

  • Familiebarnehage - etablering og drift

  • PP-tenesta

  • Skulestart

  • Spesialundervisning

  • Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk