Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 28.08.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Ronde Schade Tone Bøhn

Barnehage

Seljord kommune har fire kommunale barnehagar, to i sentrum, Tussejuv og Heddeli, i tillegg Flatdal barnehage og Åmotsdal barnehage.

Barnehagane er opne frå kl 07.30 - 16.30 fem dagar i veka.

Barnehagane er stengt tre veker på sommaren, veke 29, 30 og 31 ( nytt frå sommaren 2018), i tillegg er dei stengt i romjola og 5 planleggingsdagar i løpet av året.

Søknadsfrist for å søke om ny barnehageplass eller endring av plass ved hovudopptaket er 1.mars.

Sandkasseleik
  • Barnehageplass

  • Dagmamma - godkjenning

  • Familiebarnehage - etablering og drift

    Generelt

    Ønskjer du å starte ein familiebarnehage? Før ein familiebarnehage blir sett i drift, må du ha godkjenning frå kommunen.

    Ein familiebarnehage eignar seg best for born under tre år. Du kan anten arbeide der sjølv eller tilsetje ein assistent og pedagogisk rettleiar. Du må lage vedtekter for verksemda.

    • Du må ha ein romsleg bustad med plass til barneleik
    • Ein assistent utfører det daglege arbeidet
    • Ein førskolelærar er styrar og gjev pedagogisk rettleiing
    • Familiebarnehagar vil normalt bli godkjend for maksimalt fem barn over tre år
    • Familiebarnehagen blir finansiert med foreldrebetaling og offentleg tilskot
    • Det må utførast ei radonmåling

    Kontakt kommunen for å få fleire opplysningar og søknadsskjema. Kommunen kan hjelpe deg med å rekruttere ein pedagogisk rettleiar.

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Du kan klage på vedtaket innan tre veker. Klageinstans er Fylkesmannen.

    Er det mange små born som ventar på barnehageplass der du bur? Ønskjer du å starte ein familiebarnehage? Før ein familiebarnehage blir sett i drift, må du ha godkjenning frå kommunen når det gjeld pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.

    Ein familiebarnehage er ei barnehageform der borna får eit tilbod i private heimar. Han eignar seg best for born under tre år. Du kan anten arbeide der sjølv eller tilsetje ein assistent og pedagogisk rettleiar og sjølv vere ute i arbeid. Du må lage vedtekter for verksemda.

    Målgruppe

    Personar som har lyst til å starte ein familiebarnehage.

    Vilkår

    • Du må ha ein romsleg bustad der det er plass til barneleik
    • Ein assistent utfører det daglege arbeidet
    • Ein førskolelærar er styrar og gjev pedagogisk rettleiing kvar veke (1,25 timar per barn per veke)
    • Etter forskrift om familiebarnehagar vil ein heim normalt kunne bli godkjend for maksimalt fem barn over tre år som er til stades samstundes. Er fleirtalet av borna under tre år, må du redusere talet.
    • Etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular treng du godkjenning frå kommunen dersom opphaldstida per veke er på meir enn ti timar og talet på born som er til stades samstundes, er tre eller fleire (sjølv om to av borna skulle vere dine eigne)
    • Alle barnehager må følgje rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver
    • Familiebarnehagen vil få godtgjering for drifta. Drifta blir finansiert med foreldrebetaling og offentleg tilskot
    • Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørgje for at det blir utført ei radonmåling (frå 1.1.2014)

    Brosjyrer

    Partnarar

    Folkehelsemyndigheitene, plan- og bygningsmyndigheitene, brannvesenet, Arbeidstilsynet

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Ronde SchadeKommunalsjef35 06 51 0535 06 51 10Send Epost

    Kontaktavdeling

    Undervisningssektoren

    LederRonde Schade
    Postadresse3840 SELJORD
    Besøksadresse3840 SELJORD

    Lovar og retningsliner

    barnehagelova § 19 - politiattest
    folkehelselova kap. 3 - Miljørettet helsevern

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Kontakt kommunen for å få fleire opplysningar og søknadsskjema. Avtal tid for synfaring i heimen din. Kommunen må òg godkjenne lokala.

    Søknadmottakar

    Post Seljord
    Brøløsvegen 13 A
    3840 Seljord

     

    Behandling

    Kommunen kjenner til behovet for barnehageplassar i nærmiljøet og eventuelle barnehagar du kan samarbeide med, og kan hjelpe deg med å rekruttere ein pedagogisk rettleiar. Barnehagen kan opne når godkjenning, tilsetjing og vedtektene er i orden.

    Behandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaken til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

    Høve til å klage

    Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har fått vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du klagar over, og kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

  • PP-tenesta

  • Skulestart

  • Spesialundervisning

  • Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk