Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 31.01.2018Kontaktavdeling: Politisk leiing Kontaktperson: Halfdan Haugan

Kommunal vigsel

Frå 1. januar overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigsler. I Seljord er det ordførar og varaordførar som fått vigselsrett av kommunestyret. Kommunen skal stille med høveleg lokale, men kan og godkjenne at vigsler blir gjennomført andre stader, til dømes utandørs eller annan stad brurefolket måtte ha ynskje om.

Plikta til å gje tilbod om vigsel gjeld frå 1.januar 2018, og minst ein av brurefolket må vere busett i kommunen.

I tillegg gjeld plikta utanlandske statsborgarar som ynskjer å gifte seg i kommunen. Kommunen kan også velje å tilby vigsel for brurefolk som ikkje er busett i kommunen, kommunen har då høve til å krevje dekt det som vigselen kostar fullt ut. Eventuell betaling skal vere avklart med brurefolket på førehand.  

I dei høve der kommunen har plikt til å vigsle, skal vigsla i utgangspunktet vera gratis, men det kan takast betaling for å dekkje ekstra kostnadar om brurefolket ynskjer ein annan stad for vigselen enn kommunehuset eller utanfor normal arbeidstid – til dømes i helg.

Kommunestyret vedtok 9.11.2017 retningsliner for borgarleg (livssynsnøytral) vigsel i Seljord kommune. Du kan lese heile sakshandsaminga og vedtaket nedanfor.

Det konglige barne- og likestillingsdepartementet har sendt ut eit rundskriv om kommunale vigsler. Der står det mellom anna ein del om førebuingar, kvar ein må vende seg for å få skrivd ut gyldig prøveattest o.l. Du finn skrivet nedanfor.

Ta kontakt med kommunen ved å sende ei melding til post@seljord.kommune.no


Gifteringar
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk