Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Buplikt ved kjøp av eigedom

  • Bustadtilskot til utbetring/tilpassing

  • Bustønad

    Generelt

    Bustønad er ei hjelp for deg som har låge inntekter og høge buutgifter. Du må søkje kommunen om bustønad

    Bustønad kan du søkje dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter. Det er sett øvre grenser for kor høg inntekt du kan ha.

    Med nokre unnatak kan alle over 18 år søkje. Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Det er kommunen som behandlar søknaden din og har all kontakt med deg.

    Søknadsfrist er den 25. i månaden. Bustønad blir utbetalt den 20. i månaden etter at du søkte.

    Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage til kommunen.

    Du må melde frå om endringar som har noko å seie for utrekninga.

    Vilkår

    Alle over 18 år kan søkje bustønad – med unnatak av studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du

    • er student utan barn og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
    • er under 18 år og har eigne barn

    Brosjyrer

    Partnarar

    Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Det er kommunen som har all kontakt med deg som søkjer.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Solbjørg FrantzenNAV-leiar35114088909 46 708Send Epost

    Kontaktavdeling

    NAV Seljord

    LederFrantzen, Solbjørg
    Telefon35 11 40 70
    E-postnav.seljord.trygd@nav.no
    PostadressePostboks 4, 3835 Seljord
    BesøksadresseBrøløsvegen 13 B 3840 Seljord
    Åpningstid09.00-15.00 måndag, onsdag, fredag

    Lovar og retningsliner

    Husbanken/kommunen plikter å sørgje for denne tenesta.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du kan søkje bustønad elektronisk eller på papir. Papirsøknad skal du sende til kommunen. Kontakt kommunen dersom du har spørsmål eller treng hjelp.

    Søknadsfrist

    Den 25. i månaden. Utbetaling skjer ca. den 20. i den påfølgjande månaden. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagd til grunn for utrekning av bustønad.

    Søknadmottakar

    NAV Seljord

    Behandling

    Kommunen tek imot søknaden og kvalitetssikrar opplysningane. Når søknaden blir behandla, blir det innhenta opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel folkeregisteret, Skatteetaten og Nav. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.

    Høve til å klage

    Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen. Husk alltid å gje opp namn, fødselsnummer og kva saka gjeld. Forklar kva du meiner er feil og kvifor du meiner vedtaket bør bli endra. Du må skrive under på klagen og leggje ved relevant dokumentasjon. Kommunen kan hjelpe deg å klage. Husbanken behandlar klagen innan to til seks veker og sender deg eit vedtak. Dersom du ikkje har fått medhald i klagen din, kan du be om at klagen din blir behandla av den uavhengige klagenemnda for Husbanken. Ønskjer du å søkje bustønad for kommande månader, må du sende inn ny søknad.

  • Grunnlån

  • Tilskott til etablering i eigen bustad

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk