Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 04.11.2015Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Kåre Groven

Ledige bustadtomter

Seljord kommune har ledige tomter i fleire bustadfelt i kommunen

For nærare orientering/opplysing kan du ta kontakt med Seljord kommune v/teknisk avdeling.

Kartfesting av dei ulike områda finn du i lenke nede på sida.

I Seljord kommune kan vi tilby deg bustadtomter i fylgjande kommunale bustadfelt:

1. Tømmeråsen felt 3

Tomtefeltet er opparbeid med vass, avløp og el-forsyning fram til tomtegrensa.  Feltet inneheld 17 bustadtomter med ulik storleik frå ca. 665 m2 til ca. 1400 m2.

Pris på tomtene frå kr 107.500,- til kr 283.500,-.  Salsprospekt.

Tømmeråsen felt 3 ligg vest for Seljord sentrum. Det er ope og barnevenlege omgjevnader med godt utsyn til Skorve, Seljordsvatnet og Seljord sentrum.

2. Runningen, Seljord sentrum

Runningen er eit tomtefelt som ligg ca. 2 km frå sentrum (Brøløs). I feltet er att 2 byggjeklare tomter.

Pris kr 150.000 for tomt heilt øvst i feltet og kr 384 000,- for tomt som ligg like ovanfor Seljord folkehøgskule. Pris er eks. kostnader til oppmåling, tinglysing og tilkoplingskostnader.

Det er opparbeidd veg, vatn og avløp samt leikeplass.

3. Tømmeråsen, Seljord sentrum

Tømmeråsen er eit tomtefelt med tomter på ca 1 dekar. Feltet ligg ca 2,5 km frå Seljord sentrum (Brøløs). I feltet er att 5 byggjeklare tomter.

Pris frå kr 50.000 til 215.000 pr tomt. Opparbeidd med veg, vatn og avløp. Asfaltert veg og gateljos. Leikeplass.

4. Sundbøhaugen, Flatdal

Sundbøhaugen er eit tomtefelt i Flatdal, ca 1 km frå Flatdal sentrum. Feltet består av eit ”gamalt” felt og eit ”nytt” felt. Tomtene er ca 1 dekar.

I det ”gamle” feltet er att 3 tomter. Pris kr 10.000. I det ”nye” feltet er det 5 tomter. Pris kr 130.000.

Det er opparbeidd veg, vatn og avløp. Delvis asfaltert veg og gateljos.

Åmotsdal: Det er for tida ikkje tomter i kommunal regi. Dersom du ønskjer tomt i Åmotsdal, vil Seljord kommune v/ teknisk avdeling prøve å hjelpe deg med kontakt med moglege tomteseljarar.

























































Furutoppen tomter
  • Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

    Generelt

    Dersom eigedommen din grensar til kommunal veg, har du ikkje lov til å byggje, plante, setje opp gjerde eller anna som avgrensar sikten langs vegen.

    Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta. Kommunen behandlar og godkjenner søknad om

    • dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
    • dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
    • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
    • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

    Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

    Målgruppe

    Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje

    Vilkår

    Byggjegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggjesøknad, blir han behandla i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er

    • kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingar
    • behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegformål

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Kåre GrovenTeknisk sjef35 06 51 6135 06 51 10Send Epost

    Kontaktavdeling

    Teknisk avdeling

    LederKåre Groven
    Telefon35 06 51 60
    Telefaks35 06 51 10
    E-postpost@seljord.kommune.no
    PostadresseBrøløsvegen 13 A 3840 SELJORD
    Besøksadresse3840 SELJORD

    Lovar og retningsliner

    Veglova §§ 29, 30, 31, 32 og 37

    Søknadsprosessen

    Søknadmottakar

    Seljord kommune,
    Postmottak,
    Brøløsvegen 13 A,
    3840 Seljord

    Behandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kommunal planlegging - medverknad

  • Nabovarsel - byggjesak

  • Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk