Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 04.11.2015Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Kåre Groven

Ledige bustadtomter

Seljord kommune har ledige tomter i fleire bustadfelt i kommunen

For nærare orientering/opplysing kan du ta kontakt med Seljord kommune v/teknisk avdeling.

Kartfesting av dei ulike områda finn du i lenke nede på sida.

I Seljord kommune kan vi tilby deg bustadtomter i fylgjande kommunale bustadfelt:

1. Tømmeråsen felt 3

Tomtefeltet er opparbeid med vass, avløp og el-forsyning fram til tomtegrensa.  Feltet inneheld 17 bustadtomter med ulik storleik frå ca. 665 m2 til ca. 1400 m2.

Pris på tomtene frå kr 107.500,- til kr 283.500,-.  Salsprospekt.

Tømmeråsen felt 3 ligg vest for Seljord sentrum. Det er ope og barnevenlege omgjevnader med godt utsyn til Skorve, Seljordsvatnet og Seljord sentrum.

2. Runningen, Seljord sentrum

Runningen er eit tomtefelt som ligg ca. 2 km frå sentrum (Brøløs). I feltet er att 2 byggjeklare tomter.

Pris kr 150.000 for tomt heilt øvst i feltet og kr 384 000,- for tomt som ligg like ovanfor Seljord folkehøgskule. Pris er eks. kostnader til oppmåling, tinglysing og tilkoplingskostnader.

Det er opparbeidd veg, vatn og avløp samt leikeplass.

3. Tømmeråsen, Seljord sentrum

Tømmeråsen er eit tomtefelt med tomter på ca 1 dekar. Feltet ligg ca 2,5 km frå Seljord sentrum (Brøløs). I feltet er att 5 byggjeklare tomter.

Pris frå kr 50.000 til 215.000 pr tomt. Opparbeidd med veg, vatn og avløp. Asfaltert veg og gateljos. Leikeplass.

4. Sundbøhaugen, Flatdal

Sundbøhaugen er eit tomtefelt i Flatdal, ca 1 km frå Flatdal sentrum. Feltet består av eit ”gamalt” felt og eit ”nytt” felt. Tomtene er ca 1 dekar.

I det ”gamle” feltet er att 3 tomter. Pris kr 10.000. I det ”nye” feltet er det 5 tomter. Pris kr 130.000.

Det er opparbeidd veg, vatn og avløp. Delvis asfaltert veg og gateljos.

Åmotsdal: Det er for tida ikkje tomter i kommunal regi. Dersom du ønskjer tomt i Åmotsdal, vil Seljord kommune v/ teknisk avdeling prøve å hjelpe deg med kontakt med moglege tomteseljarar.

























































Furutoppen tomter
  • Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

  • Kommunal planlegging - medverknad

  • Nabovarsel - byggjesak

    Generelt

    Når eit byggjetiltak skal setjast i verk, har naboar og tverrbuarar krav på å bli varsla om det tiltaket som skal setjast i gang. Dei får på den måten høve til å komme med merknader/protestar før tiltaket blir starta.

    Dersom naboeigedommen er eit sameige eller eit burettslag, er det normalt nok at styret får nabovarsel. Naboane må få melding om at eventuelle merknader må vere komne til deg eller firmaet innan ein frist på to veker etter at nabovarselet er komme fram og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort tilgjengeleg.

    Nabovarselet skal innehalde så omfattande opplysningar at naboar eller tverrbuarar (eventuelt også andre) kan vurdere om tiltaket påverkar interessene deira. Det skal gå fram om tiltaket krev dispensasjon frå føresegner i plan- og bygningslova. Dersom tiltaket du søkjer om fører til endra bruk, må nabovarselet opplyse om den tidlegare bruken. Varslinga må vere gjennomført før søknaden blir send.

    Når eit byggjetiltak skal setjast i verk, har naboar og tverrbuarar krav på å bli varsla om det tiltaket som skal setjast i gang. Dei får på den måten høve til å komme med merknader/protestar før tiltaket blir starta. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, er det du som tiltakshavar (byggherre) som sørgjer for nabovarsel. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), er det firmaet som sørgjer for nabovarsel.

    Dersom naboeigedommen er eit sameige eller eit burettslag, er det normalt nok at styret får nabovarsel. Dersom du skal søkje om å rive, må dei som ev. har pant eller andre hefte i eigedommen, òg bli varsla. Naboane må få melding om at eventuelle merknader må vere komne til deg eller firmaet innan ein frist på to veker etter at nabovarselet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort tilgjengeleg. Nabovarselet er gyldig i eitt år. Søkjer du først etter det, må du varsle naboane på nytt.

    Kommunen kan frita deg frå varsling eller utvide varslingsplikta, avhengig av tiltaket.

    Nabovarsel er ikkje nødvendig der eit bygg er skada i brann, flaum eller anna akutt hending.

    Målgruppe

    Tiltakshavar (byggherre) eller firma (ansvarleg søkjar)

    Vilkår

    Nabovarselet skal innehalde så omfattande opplysningar at naboar eller tverrbuarar (eventuelt også andre) kan vurdere om tiltaket påverkar interessene deira. Det skal gå fram om tiltaket krev dispensasjon frå føresegner i plan- og bygningslova. Dersom tiltaket du søkjer om fører til endra bruk, må nabovarselet opplyse om den tidlegare bruken. Varslinga må vere gjennomført før søknaden blir sendt. Dette kan du gjere på to måtar:

    • Naboen kvitterer direkte på varselet
    • Du sender varselet til naboen i rekommandert sending og får ei kvittering frå Posten

    Brosjyrer

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Egil BirkremAvdelingsingeniør3506516391689618Send Epost

    Kontaktavdeling

    Teknisk avdeling

    LederKåre Groven
    Telefon35 06 51 60
    Telefaks35 06 51 10
    E-postpost@seljord.kommune.no
    PostadresseBrøløsvegen 13 A 3840 SELJORD
    Besøksadresse3840 SELJORD

    Lovar og retningsliner

    Sjå 
    Plan- og bygningsloven § 21-3 Nabovarsel
    Byggesaksforskriften § 5-2 Varsel til naboer og gjenboere

    Søknadsprosessen

    Vedlegg

    • Teikningar
    • Situasjonskart 
    • Andre opplysningar som kan gjelde interessene til naboen/tverrbuaren

    Søknadmottakar

    Seljord kommune,
    Postmottak,
    Brøløsvegen 13 A,
    3840 Seljord

  • Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk