Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 26.01.2017Kontaktavdeling: Sosialavdeling - NAV Kontaktperson: Berit Valhovd

Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Klarer du ikkje å betale rekningane dine og slit med å få pengane til å strekke til?
Har du problem med å betale gjeld?
Ta kontakt med NAV i kommunen og avtal eit møte. Dei kan gje deg økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Økonomisk rådgjeving er gratis.

Du kan få hjelp til å:

  • finne ut korleis du kan redusere utgiftene
  • vurdere moglegheiter for å auke inntektene
  • sette opp eit realistisk budsjett
  • få oversikt over rettigheiter og plikter i ein gjeldssituasjon
  • forhandle og gjere avtale med kreditorane
  • skrive søknad om gjeldsordning
  • kontakte namsmannen i utleggssaker  

For å best mogeleg oversikt over økonomien din og gje deg gode råd, treng vi dokumentasjon.

Til første møtet tek du med deg:

  • lønsslipp og trygdeytingar dei tre siste månadene
  • sjølvmelding og skatteoppgjer
  • kopi av husleigekontrakt eller betalingsoversikt på bustadlån
  • kopi av krav om faste utgifter som forsikringar, straum, barnehage, SFO osb.
  • kopiar av ubetalte rekningar, krav frå inkassobyrå, gjeld, lån og kredittgjeld
  • utleggsbegjæring frå namsmannen, eventuelt innkalling til forliksrådet  

Kontaktinformasjon:

NAV-kontoret er ope måndag, tysdag, torsdag og fredag frå klokka 0900-1500.

Telefonnummer 55 55 33 33.

Gjeldsrådgjevar i kommunen er Berit Valhovd e-post: berit.valhovd@nav.no

Kalkulator
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk