Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 04.11.2015Kontaktavdeling: Helsesenteret Kontaktperson: Gunhild Kåsa Dehli

Helsestasjon for spe og småbarn 0-5 år

Helsestasjon for spe- og småbarn 0-5 år er helsetenesta sitt helsefremmande og forebyggande tiltak for barn i denne aldersgruppa og foreldra deira. Tenesta skal bidra til å framme psykisk og fysisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold og forebygge sjukdom og skade.

Når barnet er født og etter heimkomst, får familien tilbod om heimebesøk av jordmor og helsesøster.
Det er og vanleg at brukaren sjølv tidleg etter heimkomst tar kontakt med helsesøster, dersom ho har spørsmål/bekymringar knytt til det nyfødde barnet.

Adresse: Helsestasjonen: Ingrid Slettensveg 16, 3840 Seljord

Opningstider:
Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag: 08.00 – 15.00

Telefon Helsesenter: 350 65250 tek imot beskjed når helsesøster og jordmor ikkje er tilstades.

Telefon helsesøster: 350 65256

Telefon lege: 350 65250

Tidspunkt for frammøte på helsestasjonen:

  • 6 VEKER: individuell konsultasjon og undersøking ved lege og helsesøster.
  • 3 MND: individuell konsultasjon og undersøking, trippel/ HIB/ poliovaksine + pneumokokkvaksine
  • 4 MND: gruppesamling med fysioterapaut
  • 5 MND: gruppesamling, trippel/ HIB/ poliovaksine + pneumokokkvaksine
  • 6 MND: individuell konsultasjon og undersøking ved lege og helsesøster
  • 8 MND: gruppekonsultasjon •10 MND: gruppesamling med logoped
  • 1 ÅR: individuell konsultasjon / undersøking ved lege og helsesøster, trippel/ HIB/ poliovaksine + pneumokokkvaksine
  • 15 MND: gruppesamling med fysioterapaut. MMR vaksine (meslinger, kusma og røde hunder)
  • 18 MND: individuell konsultasjon
  • 2 - 2,5ÅR: individuell konsultasjon / undersøking ved lege og helsesøster. Språkobservasjon: SATS.
  • 4 ÅR: individuell konsultasjon, Språkobservasjon: Språk 4, synsundersøking.
  • 5 ÅR: førskulekonsultasjon ved lege og helsesøster

Tilsette for spe- og småbarn 0-5 år:
Helsesøster Gunhild Kåsa Dehli og Tove Beate Holte. 
Lege Siri Dubrefjord  

Spebarnkontroll
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk