Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ventetid

Det er inga ordinær køordning. Ut frå ei fagleg vurdering vil det som hastar mest gå framfor det som kan vente. Når du ringer vil du få oppgjeve ei omtrentleg tid for når du kan koma inn til lege. Den oppgjevne tida er rettleiande – men det kan koma akutte tilfelle som må koma fyrst.

Legevaktsordninga skal sikre befolkninga nødvendig helsehjelp utanom ordinær kontortid.
Legevakta skal tilby publikum råd og rettleiing ved akutte helseproblem og formidle nødvendig legeundersøking og behandling så raskt som situasjonen tilseier det. Meldingar som ikkje gjeld akutt oppstått skade eller sjukdom, bør i mest mogeleg grad kanaliserast til fastlegen  

På legevakta har me fylgjande kvalitetssyn:

  • Kvalitet tyder at brukarane møtast med respekt og forståing og har mogeleghet for medverknad på den behandlinga dei mottek.
  • Kvalitet er effektiv ressursutnytting
  • Kvalitet tyder at faren for feilbehandling vert minimalisera.
  • Kvalitet tyder for oss at me har eit positivt menneskesyn og viser respekt for kvart menneskes ibuande verdighet.  

I praksis tyder dette at:

  • Pasientane får hjelp etter trong.
  • Pasientane prioriterast i 3 grupper etter alvorleghetsgrad.
    - Grad 1 – raud: akutte og livstrugande skader og tilstandar 
    - Grad 2 – gul: skader og tilstandar som gjev store ubehag, som angst og smerter.
       Høg feber med dårleg almentilstand.
       Personar i sterk psykisk ubalanse.
       Særleg låg terskel når det gjeld ungar.
    - Grad 3 – grøn: mindre alvorlege tilstandar som ikkje kan vente til neste kvardag.
    - Pasientar utanom desse kategoriane kan visast til eigen lege.
  • Det skal vera minst mogeleg ventetid. Dersom ventetid skal pasienten informerast om kvifor og om mogeleg ventetidas lengde.
  • Me skal ha så gode rutiner og prosedyrer at pasientane føler seg trygge på at dei får den hjelpa dei har krav på.
  • Me skal ha respekt for teieplikta og behandle personlege opplysningar konfidensielt.
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk