Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Personvern

Stortinget har vedteke ei ny Personopplysningslov basert på lovgiving i EU og EØS. Den nye personopplysningslova endrar og skjerper pliktene til handtering av personopplysningar i både offentleg og privat sektor, og borgarane får eit styrka personvern. Loven gjeld alle som opererer i EU og EØS-området eller som tilbyr varer eller tenester.

Regelverket skal sikre og styrke folks kontroll over eigne personopplysningar. Ein kan krevje å få utlevert personopplysningar om deg, og å vite korleis og til kva personopplysningar blir brukt.

Det vil bli krav til at alle kommunane får eit Personvernombod. Personvernombodet skal informere og gi råd, kontrollere at verksemda overheld personvernregelverket, gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar, samarbeide med Datatilsynet, og vere ein kontaktperson.

Det er Datatilsynet som har tilsynsansvar, og som vil vere klageinstans.

Datatilsynet har laga eigne informasjonssider der du finn informasjon om reglane og ordninga. Du finn lenke til Datatilsynet nedst på sida.

Seljord kommune vil leggje ut informasjon om ordninga og om kommunale rutinar etter kvart. Nytt personvernombod er Bente Widenoja Sudbø, vi har laga ei eiga side med kontaktinformasjon, sjå lenke nedanfor.

Elektronisk arkiv II

Sjå også

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk