Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Forskottsskatt - betaling og innkrevjing

  • Reduksjon eller fritak for skatt

    Generelt

    Fritak for betaling av skatt eller reduksjon i skatten er mogleg i visse tilfelle etter avtale med Skatteetaten.

    Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.

    Målgruppe

    Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.

    Vilkår

    Du kan få utsett innbetaling av skatte- og avgiftskrav dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt.

    Partnarar

    Skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasserar), Skatteetaten

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Geir Arne KaasaKemner35 06 51 1235 06 51 10Send Epost

    Kontaktavdeling

    Sentraladministrasjon

    LederFinn-Arild Bystrøm
    E-postpost@seljord.kommune.no
    PostadresseBrøløsvegen 13 A 3840 SELJORD
    BesøksadresseBrøløsvegen 13 a 3840 SELJORD

    Lovar og retningsliner

    Sjå skattebetalingslova kapittel 15.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde

    • namn
    • stilling
    • sivilstand
    • inntekt (ev. inntekta til sambuaren/ektefellen/partnaren) dei siste to åra
    • kor mange som blir forsørgja og alderen deira
    • opplysning om skatten er basert på skattemelding eller skjønnsfastsetjing
    • kva for krav som blir søkt ettergjevne
    • opplysning om eventuell sjukdom
    • melding om faste utgifter
    • grunngjeving for søknaden

    Alle opplysningane bør vere dokumenterte.

    Vedlegg

    Kopi av skattemelding for dei siste to åra, eventuelt siste skjønnsfastsetjing

    Søknadmottakar

    Seljord kommune,
    Postmottak,
    Brøløsvegen 13 A,
    3840 Seljord

    Behandling

    Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.

    Høve til å klage

    Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.

  • Restskatt - betaling og innkrevjing

  • Skatteattest

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk