SFO
Informasjon om skulefritidsordninga i Seljord kommune
SFO ligg under kvar barneskule med rektor som ansvarleg.
I Seljord SFO er det ein dagleg leiar, i Flatdal ligg ordninga direkte under rektor.
Seljord SFO:
Dagleg leiar: Haldis Reitan Thorvaldsen
Adresse: Brøløsvegen 16, 3840 Seljord
Telefon: 350 51 334
Seljord SFO har fått eiga Facebookside, sjå her
Flatdal SFO:
Rektor: Kjersti Bollerud
Adresse: Flatdalsvegen 1135, 3841 Flatdal
Telefon: 350 51 360
Søknad:
Søknadsfrist for å søke om plass eller endre plass for nytt skuleår er vanlegvis 1.april, men i 2018 er fristen 27.april grunna framlegget til ny ordning med 5 dagars skule.
Søknadsskjema blei lagt ut 13.april, etter møte i kommunestyret 12.april. Kommunestyret vedtok at vi held fram med 4 dagars skuleveke for dei yngste elevane, så det blir ikkje endringar i søknadsskjema og prisar.
Vi ber om at de søker innan fristen då personalkabalen er avhengig av kor mange barn som nyttar ordninga.
Det er ein månads oppseiingsfrist. Vi ber og om at søknader om plass eller endring av plass kjem inn minst 14 dagar før dato for ynskja plass eller endring.
NB! Barnet har plassen sin inntil familien søker om endring eller seier opp plassen.
Barn som går i 4.klasse, har SFO-plassen ut skuleåret. Vi ber om at de seier opp plassen skriftleg viss de ynskjer at barnet skal slutte tidlegare, ein månad før siste dag, slik at vi får ført barnet ut på rett dato.
Les meir i Vedtektene, sjå lenger ned på sida. Der finn du og informasjon om prisar for dei ulike tilboda.
Søknadsskjema:
Elektronisk skjema for søknad, endring og oppseiing finn du under Sjølvbetjening/søknadsskjema, Skulefritidsordning.
Vi har og lagt ut papirskjema, men oppfordrar flest mogleg til å nytte elektronisk skjema.
Klatretårnet gir morosame utfordringar