Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 22.08.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

SFO

Informasjon om skulefritidsordninga i Seljord kommune

SFO ligg under kvar barneskule med rektor som ansvarleg.
I Seljord SFO er det ein dagleg leiar, i Flatdal ligg ordninga direkte under rektor.

Seljord SFO:
Dagleg leiar: Haldis Reitan Thorvaldsen
Adresse: Brøløsvegen 16, 3840 Seljord
Telefon: 350 51 334
Seljord SFO har fått eiga Facebookside, sjå her

Flatdal SFO:
Rektor: Kjersti Bollerud
Adresse: Flatdalsvegen 1135, 3841 Flatdal
Telefon: 350 51 360

Søknad:
Søknadsfrist for å søke om plass eller endre plass for nytt skuleår er 1.april.
Vi ber om at de søker innan fristen då personalkabalen er avhengig av kor mange barn som nyttar ordninga.
Det er ein månads oppseiingsfrist. Vi ber og om at søknader om plass eller endring av plass kjem inn minst 14 dagar før dato for ynskja plass eller endring.

NB! Barnet har plassen sin inntil familien søker om endring eller seier opp plassen.
Barn som går i 4.klasse, har SFO-plassen ut skuleåret. Vi ber om at de seier opp plassen skriftleg viss de ynskjer at barnet skal slutte tidlegare, ein månad før siste dag, slik at vi får ført barnet ut på rett dato.
Les meir i Vedtektene, sjå lenger ned på sida. Der finn du og informasjon om prisar for dei ulike tilboda.

Søknadsskjema
:
Elektronisk skjema for søknad, endring og oppseiing finn du under Sjølvbetjening/søknadsskjema, Skulefritidsordning.
Vi har og lagt ut papirskjema, men oppfordrar flest mogleg til å nytte elektronisk skjema.

Endringar i SFO-ordninga frå august 2017:
Det er frå gjort ein del endringar i SFO-tilbodet, vedtektene og prisane frå skuleåret 2017-18. Dette har medført nokre endringar i fakturaene for august og september. vi har laga eit skriv om det, sjå lenker under. Reviderte vedtekter, prisinformasjon og søknadsskjema er lagt ut, sjå andre lenker.

KlatretårnetKlatretårnet gir morosame utfordringar
  • Brukarmedverknad i skulen

  • Den kulturelle skulesekken

  • Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring

  • Grunnskuleopplæring for vaksne

  • Heimeundervisning

  • Informasjon frå skolen til ikkje-sambuande foreldre

  • Leirskuleopphald

  • Leksehjelp i grunnskulen

  • Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule – innhald og timetal

  • Ordensreglement i grunnskolen

  • Permisjon frå grunnskuleopplæring

  • PP-tenesta

  • Religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak

  • Rådgiving i skulen

  • Skulefritidsordning (SFO)

  • Skuleskyss

    Generelt

    Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk, har du òg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).

    Avstanden mellom skule og heim må overstige

    • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
    • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
    • 6 km for vidaregåande skule

    Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

    Fylkeskommunen/kommunen plikter å sørgje for denne tenesta.

    Fylkeskommunen/kommunen skal innhente nødvendige opplysningar og gjer vedtak. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker. Lèt fylkeskommunen/kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen / klagenemnda i fylkeskommunen.

    Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk, har du òg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).

    Målgruppe

    • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
    • Elevar med funksjonshemming 
    • Elevar som er mellombels skadde eller sjuke

    Vilkår

    Avstanden mellom skule og heim må overstige

    • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
    • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
    • 6 km for vidaregåande skule

    Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.

    Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

    Pris

    Skuleskyss er gratis.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Ronde SchadeKommunalsjef35 06 51 0535 06 51 10Send Epost

    Kontaktavdeling

    Undervisningssektoren

    LederRonde Schade
    Postadresse3840 SELJORD
    Besøksadresse3840 SELJORD

    Lovar og retningsliner

    Fylkeskommunen/kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova §§ 7-1, 7-2, 7-3 og 13-4. Sjå òg friskolelova § 3-7  og kapittel 10 i forskrift til opplæringslova.

    Søknadsprosessen

    Søknadmottakar

    Det er fylkeskommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skuleskyss. Dette gjeld likevel ikkje om du er elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg veg. Da er det kommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skyss.

    Post Seljord
    Brøløsvegen 13 A
    3840 Seljord

     

    Behandlingstid

    Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Skulestart

  • Skuletilknyting

  • Spesialundervisning

  • Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

  • Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk