Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 22.08.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

SFO

Informasjon om skulefritidsordninga i Seljord kommune

SFO ligg under kvar barneskule med rektor som ansvarleg.
I Seljord SFO er det ein dagleg leiar, i Flatdal ligg ordninga direkte under rektor.

Seljord SFO:
Dagleg leiar: Haldis Reitan Thorvaldsen
Adresse: Brøløsvegen 16, 3840 Seljord
Telefon: 350 51 334
Seljord SFO har fått eiga Facebookside, sjå her

Flatdal SFO:
Rektor: Kjersti Bollerud
Adresse: Flatdalsvegen 1135, 3841 Flatdal
Telefon: 350 51 360

Søknad:
Søknadsfrist for å søke om plass eller endre plass for nytt skuleår er 1.april.
Vi ber om at de søker innan fristen då personalkabalen er avhengig av kor mange barn som nyttar ordninga.
Det er ein månads oppseiingsfrist. Vi ber og om at søknader om plass eller endring av plass kjem inn minst 14 dagar før dato for ynskja plass eller endring.

NB! Barnet har plassen sin inntil familien søker om endring eller seier opp plassen.
Barn som går i 4.klasse, har SFO-plassen ut skuleåret. Vi ber om at de seier opp plassen skriftleg viss de ynskjer at barnet skal slutte tidlegare, ein månad før siste dag, slik at vi får ført barnet ut på rett dato.
Les meir i Vedtektene, sjå lenger ned på sida. Der finn du og informasjon om prisar for dei ulike tilboda.

Søknadsskjema
:
Elektronisk skjema for søknad, endring og oppseiing finn du under Sjølvbetjening/søknadsskjema, Skulefritidsordning.
Vi har og lagt ut papirskjema, men oppfordrar flest mogleg til å nytte elektronisk skjema.

Endringar i SFO-ordninga frå august 2017:
Det er frå gjort ein del endringar i SFO-tilbodet, vedtektene og prisane frå skuleåret 2017-18. Dette har medført nokre endringar i fakturaene for august og september. vi har laga eit skriv om det, sjå lenker under. Reviderte vedtekter, prisinformasjon og søknadsskjema er lagt ut, sjå andre lenker.

KlatretårnetKlatretårnet gir morosame utfordringar
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk