Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flexirutetilbodet

Flexiruter er eit transporttilbod for alle, særleg tilrettelagt for deg med lettare funksjonshemmingar eller aldersrelaterte lidingar.

Du må melde deg på innan kl 18 dagen før til oppgjeve telefonnummer i lenka til Flexiruter for Seljord.

Treng du ekstra service, må du melde frå om dette ved påmeldinga. Gje beskjed om du skal ha med rullator eller rullestol. Ynskjer du å bli henta heime og køyrt tilbake til heimen, må du sei ifrå om dette ved påmeldinga. Ved påmeldinga får du beskjed om tidspunkt for avgang/henting.

Prisen er for tida 30 kr kvar veg.

Flexirutene køyrer heile året, men ikkje på heilagdagar. Bagasje og anna utstyr kan takast med så langt bilen har kapasitet. Dersom bilen ikkje har plass til alle påmeldte, køyrer transportøren ein ekstratur. Dei som melder seg på etter fristen (dagen før kl 18) kan bli med om det er plass, men det vert ikkje køyrt ekstratur.

Alle Flexi- og skuleruter tek med ordinære reisande.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk