Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 23.11.2015Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Kåre Groven

Kommunale vegar

Det er omlag 52 km. med kommunale vegar i Seljord. Vegnettet inneheld både asfalterte vegar, vegar med oljegrus og vegar med grusdekke. I tillegg er det 9,9 km med g/s-vegar/fortaug, der kommunen har ansvaret for å drifte 7,2 km.

Sommarvedlikehald:
Sommarvedlikehaldet vert i all hovudsak utført av lokale entreprenørar.

Vintervedlikehald:
Vintervedlikehaldet er sett bort til lokale entreprenørar. Dei som har kontrakt på brøytinga har og ansvaret for strøyinga på dei forskjellige rodane.

Teleløysing:
I periodar med teleløysing vert det innført aksellastrestriksjonar på dei fleste vegane. Restriksjonane vert annonsert i dei lokale avisene og maks aksellast kjem fram av skiltinga på kvar enkelt veg.
Etter Veglova er det Statens vegvesen som har mynde til å gje dispensasjonar, men det blir i utgangspunktet ikkje gjeve dispensasjonar anna enn til buss i rute og renovasjonsbil.

Skilt Kryssande vilt
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk